Vinkling

Vi kan sjå ei sak frå ulike sider. Avisa vel ofte éi.

Fakta:

Vi har tre hovudtypar fontar (skrifttypar):

Vanlegvis bruker avisene ein antikva skrifttype til brødteksten, mens overskrifta ofte er sett i grotesk. Men dette varierer frå avis til avis.

Vinklinga kjem til uttrykk gjennom:

  • ordbruk i tittel og tekst 
  • storleik på tittel og tekst
  • plassering i avisa

Same hendinga kan gi ulike overskrifter:

BIL UTFOR VEGEN
er ei sak- og faktavinkling.
18-ÅRING KNUSTE BILEN TIL PAPPA 
er ei personvinkling.
VEGSJEFEN LOVER BETRE SKILTING
viser konsekvensar.
BREMSENE SVIKTA 
er ei årsaksvinkling.
FJERDE ULYKKA I SAME SVINGEN 
visar samanhengar.

 

DESIGN OG LAYOUT

Kvar enkelt avis har sin spesielle design. Designen gir reglar for korleis avisa skal sjå ut frå dag til dag og dermed vere gjenkjenneleg for oss. Det er faste reglar for korleis ein set opp stoffet på framsida og inne i avisa, for kva fontar (skrifttypar) og fontstorleikar ein skal bruke, biletbruk, vignettar og så vidare. Layout er utforminga av den enkelte sida innanfor dei reglane som designen bestemmer.

OPPGÅVER

1. Kva for ei av desse overskriftene trur du den lokale avisa di ville ha valt?

2. Kan du tenkje deg at ei anna avis ville ha valt ei anna overskrift? Grunngi.

3. Finn tre nyheitsartiklar i avisa, og lag nye overskrifter med ei anna vinkling.